Synnøve Brøndbo Plassen

 

Allsidig folkemusikar med slåttetralling som spesialitet

Slåttetrallinga til Synnøve Brøndbo Plassen har kome som eit friskt pust på den norske folkemusikkscena. Den 24 år gamle folkemusikaren, pedagogen og songaren kjem frå Folldal i Innlandet. Plassen har ein bachelor som faglærar i musikk frå Nord Universitet, Levanger, og avsluttar i år sitt studium for utøvande folkemusikk ved Norges musikkhøgskole.

Oppveksten var prega av mykje musikk, særleg folkemusikk og gamaldans. Folldal, Østerdalen og Trøndelag er tradisjonsområda ho har fordjupa seg mest i. Repertoaret hennar spennar frå salmar og bånsullar, til slåttestev og skillingsviser. Ho er ein allsidig formidlar av både tradisjonell folkemusikk, arrangert folkemusikk og nykomponert musikk.

Plassen har motteke fleire talentstipend, og i 2019 vart ho valt som Hilmartalent, ein nasjonal talentpris for folkemusikk og folkedans. Synnøve Brøndbo Plassen har fleire gode plasseringar på norske folkemusikk-tevlingar og har vorte kåra til årets dansespelmann. I 2022 vann ho Folkelarmprisen for beste soloplate.


Synnøve Brøndbo Plassen - vokal

 

Arrangement

6. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Draumar

Idrettshallen, Førdehuset

 

8. juli kl. 18.30 Folkemusikken og forteljingane

Festsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Sunnfjord Juniorspelemannslag

Neste
Neste

Tengerton