Tengerton

 

Superreservar med hestehovudfeler og strupesong

Khusugtun har dessverre måtta avlyse heile sommarturneen sin i Europa, og difor også konsertane og kurset dei skulle ha på Førdefestivalen. Dette er sjølvsagt skikkeleg trist, og difor er det kjekt å kunne melde at vi allereie har klart å skaffe ei knallgod erstatning. Vi gler oss over å kunne presentere eit heilt nytt mongolsk band, Tengerton, med to av medlemmene frå sjølvaste Egschiglen.

 

Tengerton

Tengerton er eit nysamansett og ferskt mongolsk band som tek opp arven etter legendariske Egschiglen (Førdefestivalen 2009), som gav seg i 2022. Den nye strengekvartetten byggjer  musikken sin på dei to ikoniske elementa i mongolsk musikk : hestehovudfele (Moriin Khuur) og strupesong. I eigne arrangement formidlar dei rike mongolske tradisjonar i eit moderne og lett musikkspråk.

Tengerton er eit inspirerande og friskt møte mellom to erfarne meisterar, Uugan og Nasaa, med fleire tiår lange internasjonale karrierar, og Yesuu og Dalai, som kombinerer solid akademisk bakgrunn og folkemusikkbakgrunn med ungdommeleg energi og kreativitet. Dei improviserer og brukar både gamle tradisjonsinstrument og instrument dei har modifisert eller bygd sjølv. Saman skaper dei musikk som er både tradisjonell og utradisjonell.

Dei fire musikarane bur i Europa, men musikken og inspirasjonen hentar dei frå dei endelause mongolske steppene. Tengerton tek deg med til heimlandet og den karakteristiske topografien. Dei spelar ikkje berre musikk for musikken sin del, men formidlar også ein grunnleggande respekt for naturen og eit brennande ønskje om å skape fred og ta vare på jorda.

Lytt her:  TENGERTON
 

Tsend-Ochir Uuganbaatar – ih khuur-fele, tovshuur-lutt

Ganbold Nasanjargal – moriin khuur-fele, bishguur-obo, tovshuur lutt, khöömii- og khakhiraa-strupesong

Bat Yesun-Erdene – moriin khuur-fele, hel khuur-munnharpe, khöömii-strupesong

Daansuren Dalaijargal – moriin khuur fele, khöömii-strupesong

 

 Arrangement

6. juli kl. 18.00 KURS: Strupesong

Sakralrommet, Førdehuset


6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster

Jølstramuseet, Vassenden

 7. juli kl. 12.30 Tengerton

Festsalen, Førdehuset


 7. juli kl. 22.30 Columbi Egg

Restaurant Hugleik, Scandic

 
Forrige
Forrige

Synnøve Brøndbo Plassen

Neste
Neste

Yungchen Lhamo