Yungchen Lhamo

 

Melodi-gudinna frå Tibet

I 1989 gjekk Yungchen Lhamo (namnet tyder melodi-gudinna) til fots, berande på den vesle sonen sin,  dei 1930-kilometrane gjennom Himalayafjella frå Tibet til India. Ho er den første tibetanske songaren som har vorte kjend i resten av verda. Med si første plate, ‘Tibetan Prayer’ vann ho ein australsk platepris for Best World Music Album. Deretter signerte ho med Peter Gabriel sitt Real World Records, og gav ut platene: Tibet, Tibet, Coming Home og Ama. I 2013 kom femte album, og i fjor, etter ein pause på 9 år, kom det sjette: Awakening.

Yungchen Lhamo har turnert over heile verda, og gjesta både Carnegie Hall i New York, Royal Festival Hall og Royal Albert Hall i London, Vatikanet i Roma, operahuset i Sydney – og har også stått på plakaten på dei store internasjonale festivalane. Ho har delt scene med artistar som Peter Gabriel, U2, Sheryl Crow, Sir Paul McCartney, Annie Lennox og Sinead O’Connor.

Det er duka for eit stemningsfullt høgdepunkt på festivalen når Yungchen Lhamo fyller Førde kyrkje med si uendeleg vakre stemmeprakt.

 

Yungchen Lhamo - vokal

Miguel Angel Moreno - perkusjon

Pablo Del Fresno Jimenez - gitar

 
 

Arrangement

6. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Draumar

Idrettshallen, Førdehuset

 

7. juli kl. 14.00 Kaffipraten: Yungchen Lhamo

Kardemomme kaffibar - GRATIS


7. juli kl. 21.00 Yungchen Lhamo

Førde kyrkje

Forrige
Forrige

Tengerton