Ledig vikariat som

PRODUSENT i Førdefestivalen

Har du lyst på erfaring frå ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger? No har du sjansen.

Ein av våre to produsentar skal ut i svangerskapspermisjon, og vi søkjer etter vikar i 100% stilling frå 18. februar til 30. september 2025.

Som produsent på Førdefestivalen vil du ha følgjande arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for reiser og opphald for artistane

  • Rekruttering og leiing av frivillige

  • Andre oppgåver i samband med planlegging og praktisk avvikling av festivalen

  • Ansvar for festivalen si turnéverksemd VestaFolk

  • Anna relevant festivalarbeid

  • Budsjettansvar for dine ansvarsområde

 

Vi ser etter deg som:

  • Har kompetanse innan arrangements- og prosjektavvikling

  • Er utadvendt, ryddig, resultatretta og gode samarbeidsevner

  • Er god på å motivere og engasjere menneske til arbeid mot felles mål

  • Har lyst og evner til å jobbe i eit travelt og kreativt arbeidsmiljø prega av stort engasjement og tidvis store arbeidstoppar

  • Skriv godt både på nynorsk og engelsk

Interesse for og kunnskap om folkemusikk/verdsmusikk er ein fordel. Produsent rapporterer til direktør. Arbeidsstad er Førdehuset i Førde. Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår.

For nærare kontakt og uforpliktande samtale, kontakt:

direktør Sølvi Lien, tlf. 46 90 50 10 / 41 69 23 78

Send søknad med fullstendig CV til: solvi@fordefestival.no

Søknadsfrist: 1. desember 2024

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk og eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i Norge. Festivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert arrangert over 5 dagar i veke 27 kvart år. Festivalen si heilårsverksemd omfattar familiefestivalen Bornas Verdsdag i november og turnétilbodet VestaFolk. Festivaladministrasjonen ligg i Førdehuset, Førde.