Marja Mortensson - Noreg
Marja Mortensson - foto: Jørn Kristensen
Tingingsverk: Jaevrie-gaske - Landet mellom to sjøar
Marja Mortensson er fødd inn i ei reindrifsfamilie i Svahken Sïite reinbeitedistrikt i Hedmark. Livet hennar og musikken hennar er djupt rotfesta i den sør-samiske levemåten. Samisk identitet, det nære forholdet til naturen og kjærleiken til reindrift er tema som går igjen i songane hennar, og ho er oppteken av å verne og løfte fram det sør-samiske språket.
Alt i svært ung alder byrja Marja Mortensson å studere opptak av tradisjonell joik, og i mange år har ho samarbeidd med den samiske musikaren Frode Fjellheim for å løfte fram dei gamle skattane. Ho har lært seg den sør- og umesamiske joiketradisjonen, og markert seg som ein sterk formidlar av ein tradisjon og eit språk som berre rundt tusen menneske snakkar i dag. Ho fekk Hedmark fylke sin kulturpris i 2013, vart kåra til Årets unge kunstnar på Riddu Riddu-festivalen året etter. Platedebuten kom i 2017 med Aarehgïjre, og i 2019 fekk ho Spellemannprisen for plata Mojhtestasse. Den tredje plata, Båalmaldahkesne, kom ut i 2024.
“Joiking har alltid vore ein del av meg, trass det faktum at familien min slutta å joike for fleire generasjonar sidan. For meg er det som om melodien i ein joik er noko alle, uansett bakgrunn, kan føle, ta inn og forstå på eit djupare nivå.”
I dag er Marja Mortensson ein av våre mest etterspurde og respekterte samiske artistar. Med sterke musikarar som Daniel Herskedal på tuba og basstrompet og Jakob Janssønn perkusjon i sin faste trio, har ho skapt eit intimt og særeige lydbilete som for lengst har gitt ho eit stort internasjonalt publikum.
Tingingsverket er støtta av Kulturrådet.
Marja Mortensson – komposisjon, joik, song
Daniel Herskedal – tuba, basstrompet
Jakop Janssønn – perkusjon
Kristian Olstad – gitar
Tid og stad for konsert kjem.