Tilbake til alle arrangementer

Familiekonsert: Reglebein, reglebein

  • Festsalen, Førdehuset 5 Angedalsvegen (kart)

Ei flott familieframsyning, med ni flotte musikarar på scena!

 

Feiande flott konsertframsyning for heile familien

Ein sliten reinhaldar set frå seg vaskevogna si og tek ei pause. Ho sovnar. I draumen står ho brått midt i ein gjeng musikarar og dansarar i glitrande kostyme som dreg ho med seg inn i eit univers av musikk, dans og leik!

Kva skjer når tilsynelatande meiningslause rim og regler blir til seriøs musikk og dans? Er det eigentleg seriøst, eller er det berre tull? Ellingar og hurrarop frå leiken i skulegarden møter nyskriven musikk og set rytme i reglebeina. Komponist Hans Martin Austestad og koreograf Silje Onstad Hålien møtest i eit univers der alt ligg til rette for tungekrøll og spretne harmoniar. Leik og tull, alvor og fjas går hand i hand, akkurat slik vi kjenner det frå sjølve livet.

Hans Martin Austestad - banjo

Terje Engen - trommer

Jon Bugge Mariussen

Irene Tillung - trekkspel

Sondre Meisfjord - bass

Silje Risdal Liahagen - vokal

Tuva Færden - fele, dans

Nina Fjeldet - fele

Silje Onstad Hålien -dans

Sture Moslåtten - lysteknikar


Komponist
– Hans Martin Austestad

Koreograf – Silje Onstad Hålien

Regi – Belinda Braza

Produsentleiing – Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet

 
Forrige
Forrige
8. juli

Draumefangarverkstad

Neste
Neste
9. juli

Drageverkstad