Tilbake til alle arrangementer

Morgonstund med Fernando

  • Langhaugane barnehage 19 Dalevegen Vassenden Norway (kart)
 

Bli med på ei magisk reise i skogane!

Fernando Sallum kjem frå Amazonas i Brasil og ved å ta store og små med på magiske reiser gjennom jungelen, formidlar han song, musikk og kultur frå heimlandet. Han er levande oppteken av kva verdi naturen har for oss menneske, og ønskjer å spreie gamal visdom og tradisjon frå Amazonas. Etter mange år i Noreg, er Fernando godt kjend med norsk kultur, natur og språk.

Fernando tek med seg trommer og rytmeinstrument, som blir brukte både på morgonstund-konsertane og på barneverkstadane på festivalen. Born og vaksne blir inviterte til å spele med. Med eksotiske instrument presenterer han ulike dyr og stemningar frå skogen og naturen, og han lærer deg dansar han sjølv har lært av Huni Kuin- og Yawanawa-indianarane i Amazonas.

Morgonstundkonsertane er gratis for alle.

 
Forrige
Forrige
5. juli

UT PÅ TUR, ALDRI SUR

Neste
Neste
6. juli

Musikk i sentrum