Tilbake til alle arrangementer

Knekke greine - #3

  • Ein skog ein stad i Førde (kart)
 

Interaktiv familieframsyning – i ein skog ein stad i Førde

Knekke Greine er eit interaktivt og spennande skogs-sirkus-eventyr for alle aldrar. Du blir teken med ut i skogen, der to sirkusartistar og to musikarar møter deg med luftig akrobatikk og folkemusikk. Inspirerte av idear frå naturvitskap, nordiske myter og enkle barneleikar, skaper akrobatane og musikarane ei heilt spesiell oppleving ute i skogen. Dei ønskjer å inspirere oss alle, uansett kor gamle vi er, til å opne oss og  sjå livet i skogen og naturen på ein ny måte. 

Knekke Greine skaper nye framsyningar for kvar plass dei vitjar. I Førde har vi valt oss ein hemmeleg plass, og dit vil du bli køyrd i buss. Bussen startar på Førdehuset. Det er ikkje langt unna sentrum, men vi vil gjerne at alle skal komme på same tid. Det blir i alt fire framsyningar under festivalen, med plass til 30 publikummarar kvar gong.

Alle må ta buss frå Førdehuset til framsyningane!

Bussavgang kl. 15.00. Tilbake ved Førdehuset kl. 16.45.

Love Kjellson

Karoline Aamås

Ester Thunander

Mira Leonard

Viktig info:

- Ettersom framsyninga er i skogen, er det ikkje mogleg for barnevogner og rullestolar. Folk må kunne gå sjølv.

Spedbarn er ikkje noko problem om dei er i til dømes bæremeis.

- Hundar er ikkje velkomne. Dette er for at dei kan bli stressa og då kan øydeleggje framsyninga for andre

 
Forrige
Forrige
7. juli

Barneverkstad med Fernando Sallum

Neste
Neste
7. juli

Knekke greine - #4