Tilbake til alle arrangementer
Fernando kjem frå regnskogen i Brasil, der heile livet er nært knytt til livet i skogen. Utan naturen kan menneska faktisk ikkje overleve, og difor er det viktig å ta vare på skogen. Og det er ikkje berre menneska som har musikk: også dyr og naturen, slik som vinden og havet, har musikk i seg.
Fernando tek oss med på ei reise til Sør-Amerika gjennom musikken sin, bli med og lær songar og dansar frå Amazonas.
Verkstaden passar best for barn frå 4 år og oppover.
Ein føresett kan følgje gratis.