Tilbake til alle arrangementer

Morgonstund med Kari og Astri

  • Bygstad barnehage Bygstad Norway (kart)
 

Har du sett nokon gamal kjerring?

Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bitte lite kongerike. Dei hadde ein katt, ein hane, ein stor frukthage, og så hadde dei ni ungar. Ein dag fekk ungane dele frukthagen mellom seg, men då gløymde dei minste syster si, så ho fekk berre eit einaste lite tre. Brått ein dag kom det ei gamal kjerring..

 

«Har du sett nokon gamal kjerring» er ei song og forteljarframsyning av og med Kari Finne Sognnæs og Astri Sudmann. Dei tek utgangspunkt i eventyret «Epletreet til den minste prinsessa», og ved hjelp av song, rytmeinstrument og ulike lydeffektar løfter dei forteljinga til ei magisk eventyrstund for born- og vaksne.

 

Kari Finne Sognnæs har utdanning innan folkesong, teater og musikk- og helse, blant anna fra Ole Bull Akademiet og Noregs musikkhøgskule og Västanå Teater. Ho har lang erfaring som formidlar av tradisjonssongen til born og unge, både på scenen og som kurslærar. For tida er ho aktuell med gruppa Fantefolk og Per Sivle- forestillinga Lurleik.

Astri Sudmann har reist rundt med forteljingar i Vossaskulane i mange år. Ho har vore nytta innan kyrkje og barnehagar ved ulike tilstellinger. Ho har samarbeidd med kulturskule og spelemannslag ved fleire høve, og framført musikkeventyr med born og vaksne. Frå barnemunn etter ei eventyrstund: «Kan du trykka på ein gong til, eg vil sjå filmen om att!»

 

«Gruppa med 4-7 åringar sat fjetra i halvtimen framsyninga varte. Stadig nye ting å kikka på, songar dei fekk læra seg og Astri Sudmann si forteljing drog både born og vaksne inn i handlinga og engasjerte dei. Ei flott stund med vakker musikk og moro!» Olav Undeland Voss Kulturskule

Morgonstundkonsertane er gratis for alle!

 
Forrige
Forrige
6. juli

Knekke greine - #2

Neste
Neste
7. juli

Barneverkstad med Fernando Sallum