Sommarkurs i folkemusikk og folkedans for deg mellom 9 og 18!
For tredje år på rad inviterer vi til UngLåt, og i år med ein heil kursdag ekstra! Kurset er for folkemusikk og folkedansinteresserte born og unge frå heile landet, i alderen 9 til 18 år. Her vert det kurs i folkedans, hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song.
I tillegg vert det fellesøkter, med dans, song, leik og moro. UngLåt er staden for å møte nye vener, lære nye triks på instrumentet ditt eller på danse golvet, oppleve Førdefestivalen og få minne for livet!
Instruktørane er valde frå øvste hylle, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen.
UngLåt er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane folkemusikklag, Hordaland folkemusikklag og Førdefestivalen.
Instruktørane i år:
Dans: Inga Myhr og Åsmund Øydvin
Trekkspel: Emil Horstad
Song: Silje Risdal Liahagen
Durspel: Amalie Kinsarvik Tvilde
Hardingfele: Gro Marie Svidal++
Fele: Bjørn Kåre Odde
For meir info og påmelding: