Førdekonferansen 2022:
KUNST I KRISER
Torsdag 7. juli kl. 09.30-16.00 - Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Menneske lever i mange og ulike krisesituasjonar verda over i dag. Det er kriser som krig, naturkatastrofar, sjukdomsepidemiar og når ytringsfridomen og menneskerettane blir truga og innskrenka. Kva er kunsten og kunstnaren si rolle i slike kriser? Kva skjer med kunstnarane, både dei som lever i krisa, og dei som har flykta? Årets konferanse set søkjelyset på desse spørsmåla gjennom å lytte til innleiarar med ulike perspektiv, som kunstnarane sjølv, men òg dei som arbeider med desse spørsmåla i akademia, journalistikken, politikken og Dei sameinte nasjonane (SN).
Førdekonferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord kommune,
Tekstallianse og Kunsthall 3,14. Konferansen er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.
PROGRAM
kl. 09.30 Registrering og kaffi
kl. 10.00 Velkomen
Jenny Følling – ordførar Sunnfjord kommune
Arne Osland – styreleiar Førdefestivalen
kl. 10.15 Anne Beathe Tvinnereim, utviklingsminister, opnar konferansen og held opningsforedraget.
kl.10.45 Margunn Indrebø Alshaikh – «Kunst som brubygging, gjenreising og ytringsfridom»
kl. 11.15 Oded Ben-Horin – «Kunsten i kriser og konflikter»
kl. 11.45 Kaffipause
kl. 11.55 Kunstnarskap i eksil - Selma M. Yonus og Aida Nosrat i samtale med Hilde Hagerup.
kl. 12.40 Lunsj
kl. 13.30 Damir Imamovic – «The Sevdah tradition»
kl. 14.10 Agnete G. Haaland - Ytringsfridom under angrep
kl. 14.40 Kaffipause
kl. 14.50 «Embrasing failure»
kl. 15.20 Gunn Karoline Fugle, Siv Førde og Inge Nordhaug – «Musikk som fredsberar»
kl. 15.55 Oppsummering ved programleiar.
kl. 16.00 Slutt