FørdeVeska

FørdeVeska, sprungen ut av dei gamle, fargerike festivalbannerane frå Førdefestivalen, er ikkje berre ei veske, det er ein tidskapsel!

Festivalbannerane har vorte produserte gjennom festivalen si meir enn 30 år lange historie. Dei vart tekne vare på i håp om å finne nye bruksområde. Ideen vart å sy nett.

I 2023 tok festivalen kontakt med Miriam Rosøy Wathne på Førde Ressurssenter, som tende på ideen. Vips var FørdeVeska fødd!

Bennerane er produserte i kraftig, perforert vinyl, såkalla meshkvalitet. Dei er svært slitesterke. Dei er unike, ingen blir like. Designa og lokalt produserte hos Førde Ressurssenter.

Du kan tinge FørdeVeska på epost (knapp under), eller du kan komme oppom på festivalkontoret i 2. etasje på Førdehuset.