Tilbake til alle arrangementer
Kom på Skywalken på Alti så kan du lære å lage fine dokker av berre stoff. Vi har klipt til stoff i fine fargar og mønster, og medlemene i den ukrainske gruppa Dyvyna, viser deg korleis du lagar desse fine motanka-dokkene.
Dette er ein eldgamal ukrainsk dokketradisjon, som Dyvyna med glede lærer bort når dei kjem til Førde.
Verkstaden er heilt gratis, og dette er noko alle kan klare, nesten uansett alder!