Tilbake til alle arrangementer
Instruktørar: Dansarar frå Bassant
Rajasthan har rike musikk- og sirkustradisjonar. I den tradisjonelle Kalbeliyatradisjonen, slangedans, kopierer dansaren på grasiøst vis slangen sine mjuke rørsler. Denne sensuelle dansen er ein tradisjon frå sigøynar-kasten som er velkjende for healing og slangetemming. Ein annan tradisjon, den spektakulære fakirdansen, vert framført i fargerike drakter og er inspirert av livet til kvinnene i Thar-ørkenen.
Bassant kjem frå Rajasthan og har utgangspunktet sitt i møtet mellom artistar frå ulike religionar og ulike kastar eller sosiale klassar.