Ragnhild Furebotten Trio

Ragnhild Furebotten er kjend for dei fleste som felespelar og komponist i Hekla Stålstrenga, men gjennom hennar 19 år som musikar har det heile tida vore viktig for henne å gjere eigne soloprosjekt. Furebotten likar å tenkje nytt og tenkje ut nye musikalske konstellasjonar. Fokuset har alltid vore å skape seg ein tydeleg eigenart og ei tydeleg stemme i det nordiske folkemusikklandskapet.

Trioformatet er ein favoritt, og to av av dei 17 platene Ragnhild Furebotten har gjeve ut, er i dette formatet: Endelig vals frå 2007 og Klopper frå 2019. Covid sine uransaklege vegar gjorde at trioen frå 2007 vart samla igjen i 2021, med Ragnhild Furebotten, Frode Haltli og Gjermund Larsen. Og det er denne samansetjinga vi no sender ut på VestaFolk-turné i regi av Førdefestivalen. Med seg har dei i hovudsak repertoar frå begge trio-platene. Musikk komponert av Ragnhild Furebotten.

 Endelig Vals på Spotify

 Ragnhild Furebotten – fele
Ragnhild er ein av landets mest markante folkemusikarar og komponistar innan sjangeren, med stor suksess i grupper som Majorstuen, Fotefar og Hekla Stålstrenga. Ho har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar, og gjort tingingsverk for teater, danseframsyningar og festivalar. Ragnhild Furebotten sine soloprosjekt har også fått mykje merksend, og etter mange nominasjonar med ulike utgjevingar var det med Never on a Sunday ho fekk Spellemannpris i 2011.

Gjermund Larsen - fele
Gjermund er komkponist, folkemusikar og felespelar frå Verdal. Han er kjend for måten han utfordrar folkemusikktradisjonen med sine sjangeroverskridande komposisjonar. Larsen si merittliste er lang, og tel fem spellemannprisar i fire ulike kategoriar. Han har også kongepokal frå Landskappleiken i 2005. Gjermund Larsen var med på Ragnhild Furebotten si første trio-plate, Endelig vals i 2007.

Frode Haltli - trekkspel
I over 20 år har Frode gledd norsk og internasjonal musikk på tvers av sjangrar. Han har gjeve ut fleire album på prestisjetunge ECM, spelt inn Arne Nordheim sin musikk for akkordeon, samarbeidd med musikarar som Trygve Seim, Maja S.K. Ratkje, gruppa POIN og komponistar som Bent Sørensen og Hans Abrahamsen. Haltli har også komponert musikk til teater og ulike tingingsverk, og på same måte som Gjermund Larsen, var han med på Ragnhild Furebotten si første trio-plate, Endelig vals.    

Forrige
Forrige

THE NORDIC FIDDLERS BLOC

Neste
Neste

HÅKON HØGEMO / SIGRID MOLDESTAD / EINAR MJØLSNES - GAMALTNYMALT