THE NORDIC FIDDLERS BLOC
Anders Hall, Kevin Henderson og Olav Mjelva i The Nordic Fiddlers Bloc.
TURNÉPERIODE: MÅNDAG 28. FEBRUAR - SØNDAG 6. MARS
Nordisk slektstreff i festmodus!
Keltisk, norsk og svensk folkemusikk har ein tydeleg og nær slektskap gjennom mange hundre år. Frå deira første møte på Voss i 2009, har Olav Luksengård Mjelva og Kevin Henderson, inspirert kvarandre og utvikla eit friskt felles språk med bakgrunn i sine tre feletradisjonar. Dei har treft ein musikalsk nerve hos kvarandre og hos publikum! Rundt sju hundre konsertar har det vorte, i Skandinavia, Europa, USA og Storbritannia, og kjemien mellom dei tre musikarane og instrumenta deira, blir - om mogleg - berre betre og betre. I 2020 kom dei ut med si tredje plate, Bonfrost, og no er denne fabelaktige trioen klare for VestaFolk-turné frå 28.februar – 6.mars
"On the evidence to hand, pure fiddle doesn´t get much better than The Nordic Fiddlers Bloc." Folkworld
Kevin Henderson fele
Anders Hall fele, bratsj
Olav Luksengård Mjelva hardingfele, oktavfele