BUKKENE BRUSE - Annbjørg Lien, Steinar Ofsdal, Arve Moen Bergset

 

Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 for å spela under opninga av BI i Sandvika kvar for seg. Sidan dei var samla, prøvde dei seg på litt samspel. Det gjekk over all forventning, og den vidare historia er eit eventyr av ei karriere.

Steinar Ofsdal var allereie ein godt etablert artist med ei rekkje utgjevingar bak seg då historien starta, men dei to ungdomane var heller ikkje uskrivne blad. Arve hadde vunne Spellemann i 1987 for plata Arvesølv og fekk oppslag på Dagsrevyen då han kom i stemmeskiftet. Annbjørg var frå tidleg alder særs dyktig og drivande på hardingfele med kappleikssigrar i fleng og med den ferske soloplata Kjellstadslåttar i kofferten.

Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Trioen fekk turnéar i inn- og utland, og musikken tok dei verda rundt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer 1994, eit oppdrag som tok dei til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München saman med Dronning Sonja si vinterutstilling, og overalt der dei kom tok dei publikum med storm.

Det har no gått 33 år sidan dei fyrst møttest i samspel, og åra etter har vore stappfulle av musikk og ulike slags musikalske prosjekt for alle dei tre musikarane. No kjem dei til Vestland med instrumentkassene fulle av speleglede for å gjeve oss nye opplevingar med gamle låter.

 

Annbjørg Lien – hardingfele, nyckelharpe,

Arve Moen Bergset – kveding, fele og hardingfele,

Steinar Ofsdal – fløyter

 

Høyr Bukkene Bruse på Spotify

 

 

 
Forrige
Forrige

KVARTS

Neste
Neste

Tippe tippe tue