KVARTS

Med ei fartstid på nær 25 år har Kvarts halde på lenger enn noko anna norsk folkemusikkgruppe. Dei blandar, foredlar og fornyar og serverer ei utsøkt blanding av tradisjonsmusikk og eigne komposisjonar med lette innslag frå andre sjangrar. Her går mollstemningar og glade masurkaer hand i hand med leikne reinlendarar og yndige valsar. Dei fire musikarene i Kvarts er så samspelte som det går an å bli, og spelegleda tek aldri slutt.

Kvarts har gjeve ut og medverka på ei rekkje cd-produksjonar, i tillegg til å ha gjeve ut fleire singlar, dei siste åra. Den foreløpig siste produksjonen, Ved myrke midnattstid, kom ut i 2021, der Kvarts spelar saman med vokalensemblet Multa Paucis. Kunstnarleg har dei hatt mange musikalske samarbeidsprosjekt, mellom andre med Kringkastingsorkesteret, Kristiansand symfoniorkester, Trondheimsolistene, Jonas Fjeld og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing. Kvarts har også fått to Spellemannprisar og skrive tingingsverk for Vossa Jazz, Folkemusikkveka og Rikskonsertene. Opp gjennom åra har dei medverka i ei lang rekkje radio- og TV- program, og turnerer både her til lands og internasjonalt.

 

Jo Asgeir Lie trekkspel

Øystein Rudi fele, hardingfele

Tom Willy Rustad kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar

Erlend Styve vokal, gitar

 

Høyr Kvarts på Spotify HER.

VestaFolk-turnéen med Kvarts er støtta av Vestland fylkeskommune.

Forrige
Forrige

Spindel duo - Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken

Neste
Neste

BUKKENE BRUSE - Annbjørg Lien, Steinar Ofsdal, Arve Moen Bergset