Qvam/Plassen

Folkemusikk med røter og rytme – og sjel.

Bendik Qvam og Synnøve Plassen har lang fartstid som duo. Solide røter i tradisjonsmusikken frå fjellregionen ligg i botn når dei byr på moderne folkemusikk, ispedd fengjande riff, bukkehornspel og folkesong. Her smeltar drivande rytmar og nydelege klangar saman i eit intimt og nært lydbilde, som også er prega av at begge har bakgrunn både frå blues og viser. Syng gjer dei begge, og i tillegg trakterer Qvam gitar, mandolin og bukkehorn, Plassen lyre og gitar. Bendik Qvam og Synnøve Plassen er suverene musikarar som formidlar folkemusikk og speleglede på ein inderleg og ekte måte.

Bendik Qvam er ein spennande musikar frå Fåset i Tynset. Han syng og trakterer ulike instrument som gitarar, bukkehorn og trompet. Han har sin eigen innfallsvinkel til folkemusikk, og både komponerer sjølv og arrangerer folketonar på ulike vis. Qvam gav ut soloalbumet Fark i 2021. Her får han spelt ut litt av breidda han har som musikar.

Synnøve Plassen er folkesongar og folkemusikar frå Folldal. Ho har ein master i utøvande folkemusikk frå Norges musikkhøgskole. Plassen har fordjupa seg mest i tradisjonsmusikken frå Folldal, Østerdalen og Trøndelag. Repertoaret hennar spenner seg frå salmar og slåttetralling, til slåttestev og skillingsviser. Ho har gjeve ut soloalbum med folkesong, og fått spellemannsnominasjon for begge.

Neste
Neste

Sinikka Langeland og Erlend Apneseth