Sinikka Langeland og Erlend Apneseth

Sinikka Langeland og Erlend Apneseth

Det er storarta for Førdefestivalen å kunne tilby VestaFolk-konsertar med dei to fabelaktige musikarane Sinikka Langeland og Erlend Apneseth; ho meister på kantele, det finske nasjonalinstrumentet, og han på vårt eige nasjonalinstrument, hardingfela.

Dei er begge både musikarar og komponistar som vandrar mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Sinikka Langeland er mellom anna kjend for sine tolkingar av eldgamle runesongar og folkemusikk frå Finnskogen, og for tonesetjing av Jon Fosse-tekstar. Erlend Apneseth sitt utgangspunkt er den lokale folkemusikktradisjonen på Jølster og Vestlandet. Dei er begge opne for nye uttrykk og nye samarbeid, og finn stor glede i å utfordre kvarandre og utforske samklangen mellom kantelen og hardingfela.

Her er lenkjer til heimesidene deira:

www.sinikka.no

www.erlendapneseth.com

 

Mogleg turnéperiode:

  • Måndag 25.november – fredag 29.november 2024

 

Krav til konsertlokalet:

  • Lokalet må vere eigna for akustisk lyd då konserten er akustisk

Lokal arrangør dekkjer:

  • Eigendel konsert: kr 5000,-

  • Middag på konsertdagen og overnatting inkl. frukost til artistane

  • TONO-avgift og ev. lokal marknadsføring/annonsering

Førdefestivalen:

  • Ordnar kontrakter og reiselogistikk med artistane

  • Sender ut promopakke med foto/video/lyd, tekstar, plakatar (for nedlasting)

 

Kunne du vere interessert i å arrangere VestaFolk-konsert med Sinikka Langeland og Erlend Apneseth?

Ta kontakt med oss og meld inn kva konsertdatoar som passar for dykk, helst eit par alternativ. Vi held oss til først-til-mølla-prinsippet, men må sjølvsagt ta atterhald om at turnéen må henge i hop ut frå geografiske avstandar og andre faktorar som kan spele inn.

Neste
Neste

Høgemo & Karlsrud