Otava Yo

Otava Yo forvandlar tradisjonelle russiske folketonar til livleg gladmusikk. Dei gjev oss eit glimt inn i livet på den russiske landsbygda med kjærleik, fest, vemod og villskap i ein slags surrealistisk harmoni. Otava Yo tek musikken på høgste alvor, men har eit svært uhøgtideleg forhold til seg sjølv. Her får du oppleve musikk du kanskje ikkje visste fanst!

Otava Yo vart etablert i 2003 utan nokon klar plan. Medlemane kjem frå andre grupper, men Otava Yo har vorte ein stad der dei tek ut idéar det ikkje er plass til i andre konstellasjonar. Dei leikar med tradisjonelle, nasjonale instrument som gusli, Zhaleika og fele, og med utgangspunkt i tidlause russiske folketonar tek dei musikken vidare til det dei omtalar som «russisk-gotisk rhythm and blues».

På scena er Otava Yo iført russiske skinnluer og slitne singletar. Dei er gjennomgåande humoristiske i alt dei gjer. I heimbyen St. Petersburg har dei stjernestatus, og har ein skikkeleg hit på med videoen «Prov Ivana Groove». Det blir eit surrealistisk eventyr å oppleve dei i full fyr på scena i idrettshallen – ein søndag ettermiddag.


Aleksey Belki
Peter Sergeev
Dmitry Shihardin
Timur Sigidin
Aleksey Skossyrev
Yulia Usova


Otava Yo transform traditional Russian folk melodies to lively, happy and danceable music. They give us glimpses of life in the Russian countryside where love, celebrations, melancholy and wild behaviour combine into a kind of surreal harmony. Otava Yo take music highly seriously but have a laid-back attitude to themselves. Lyrical gusli, global guitar, wailing bagpipes, energetically expert dual fiddle-scraping, pumping bass and pounding drum, driving songs of rural romance, heroic sailors, goats and pancakes, delivered with casual wit and bursts of ensemble choreography. They have performed at major European folk festivals and as far afield as Mexico and India. They have met the President of Estonia and received an award from the Bratislava Humour Academy.

 

Konsert:

Summary Block
This is example content. Double-click here and select a page to feature its content. Learn more
Forrige
Forrige

Ole og Knut Aastad Bråten

Neste
Neste

Paulo Flores