Paulo Flores
Komponisten, forfattaren og musikaren Paulo Flores har lenge spelt ei sentral rolle i Angolas musikkliv. Framfor alt som ein fantastisk ambassadør for musikk- og dansestilen semba sidan byrjinga på 90-talet. I ein alder av 40 har han alt vore artist i 25 år og gitt ut 15 plater. Med si varme og djupe stemme er han ein levande og sterk musikalsk historieformidlar inspirert av dagleglivet og dei urbane tradisjonane i hovudstaden Luanda.
Paulo Flores er fødd i Angola, men oppvaksen i Lisboa. Her regjerte unge Flores med danserytmar, saman med Eduardo Paim, og på 90-talet gjorde fleire slagerar Paulo Flores til eit angolansk musikk-ikon i Portugal. På leiting etter ny inspirasjon gjekk han etter røtene sine i heimlandet. Angola si frigjering frå koloniherrane gjorde inntrykk på han. Det gav håp, og det gjorde at han fatta interesse for den autentiske sembaen. I denne musikkstilen fann han det han leitte etter, som korresponderte med kjenslene hans. Mjuke rytmar, lengt og håp. I sembaen fann Paulo Flores sin nye musikalske heim, som han har innreia på sin eigen måte; litt gammalt og litt nytt, i høgste grad dansbart – og med mykje kjærleik.
Paulo Flores - vokal, akustisk gitar
António Adolfo - gitar
Mário Cruz - trommer
João Ferreira - perkusjon
Jeremias Galheta - bass
Ciro Lopes - trekkspel, piano
Simão Nsingi - gitar
Under festivalen vert det òg kurs i sembadans.
Sjå eigen kursomtale.
Paulo Flores, author, composer and interpreter, is one of the most important references of Angolan music today and an indefatigable advocate of semba. At the age of 40, he celebrates 25 years of career, punctuated by 15 records. The voice of Paulo Flores, sweet and warm, vibrant and deep, is inspired by Luanda’s urban tradition and tells us stories of the past, the present and the future. Paulo Flores serenely assumes is responsibility as an artist. His compositions seduce, thrill and express feelings of hope. He sings personal and collective stories which express everyday feelings. He uses Portuguese words but also English or slang from Luanda, Kimbundu, juxtaposing their contrasts.