Canzoniere Grecanico Salentino

Canzoniere Grecanico Salentino er som eit energisk fyrverkeri på scena. 

Fulle av energi, lidenskap, rytmar og mystikk

Dei kjem frå Salento i Puglia, ‘hælen’ på den italienske støvelen, vart etablert i 1975 og er rekna som det eldste folkemusikkensemblet i Italia. Dansaren og dei sju musikarane i Canzoniere Grecanico Salentino (CGS) har spesialisert seg på å blande det tradisjonelle og det moderne, og har vore sentrale i bølgja av unge utøvarar som har gått i bresjen for å løfte fram og fornye musikken og dansen i den sør-italienske pizzica-tradisjonen, og gjort den tilgjengeleg for eit nytt og breiare publikum, også internasjonalt.

Som publikum på CGS sine konsertar får du oppleve den energiske pizzica-musikken som er sentral i det gamle pizzica-tarantata-ritualet; den frenetiske dansen som blir sagt å vere kuren du treng om du blir biten av ein tarantella! Fulle av energi, lidenskap, rytmar og mystikk, tek CGS deg med på ei reise frå det tradisjonelle til det moderne - og tilbake.

CGS er kjende for samarbeid med komponistar og artistar både på heimebane og internasjonalt, som Ludovici Enaudi, Ballake Sissoko, Ibrahim Malouf, Piers Faccini og Steward Copeland i The Police. Dei har gjeve ut 18 plater, og også vore med å bygge opp den store La Notte della Taranta festival, som samlar meir enn hundre tusen publikummarar.

Alessia Tondo - vokal
Giulio Bianco  - sekkepipe
Mauro Durante - vokal, perkusjon, fele
Emanuele Licci - gitar, bouzouki
Massimiliano Morabito - trekkspel
Giancarlo Paglialunga - vokal, tanbur
Silvia Perrone  - dans


Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - Musikken i dansen!
Idrettshallen, Førdehuset


Torsdag 5. juli kl. 22.30 Canzoniere Grecanico Salentino
Larris Scene,Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Forrige
Forrige

Barokksolistene - The Alehouse sessions

Neste
Neste

Cassie & Maggie