Barokksolistene - The Alehouse sessions

Barokksolistene i aksjon. Foto: Knut Utler

Engelsk pubstemning med musikarar i særklasse!

Fiolinisten Bjarte Eike og Barokksolistene har skapt furore i Skandinavia og store deler av Europa og USA. Konsertar i London, Dresden, Wien konzerthaus, Washington National Cathedral, Minneapolis, Princeton, New York og Chicago har vore heilt utselde, og omtalane overveldande. The Alehouse sessions har gått rett heim hos tilhengarar av både jazz, klassisk og folkemusikk.

Musikk er heilt enkelt musikk, den treng ingen merkelappar eller kategoriar. Ved å gjere det, risikerer du å skape en musikalsk elite, seier Bjarte Eike og dette gjenspeglar seg verkeleg i The Alehouse sessions.

Inga reise til England er komplett utan ein tur innom den lokale puben; taverns eller alehouses har heilt sidan middelalderen vore britane sin andre heim. Her har lyden av snakk, song, musikk og den evige klirringa i ølglas til alle tider fylt romma.

På slutten av 1600-talet, då teatra vart stengde av religiøse grunnar, vart mange av desse skjenkestadane gjort om til såkalla Music Houses, der musikarar vart samla for å gje konsertar for eit entusiastisk og øltørst publikum. Her møtte du Henry Purcell og mange andre komponistar, som presenterte sine nyaste komposisjonar, eller duellerte musikalsk med lokale folkemusikarar. 

Komponistane lærte seg tradisjonelle låtar og vart inspirerte til å skrive nye stykke - med element frå folkemusikken - spesielt for pub-publikummet. Tekstane gjekk i ganske vågal retning (og ofte litt lenger..). Folkemusikarane vart utfordra med eit nytt repertoar. Dei måtte løfte seg for å hevde seg i duellane.

Grenseløst bra!
—  Harstad tidende
Bjarte Eike’s Barokksolistene is an alchemical miracle of an ensemble, a collective of virutosos whose instinctive, playful communication and delight in one another’s skill amplifies their individual performances, transforming them into pure musical gold …
— GRAMOPHONE

Ut av dette utvikla det seg altså ein ny musikkstil som var skreddarsydd for dei uformelle rammene - og ein god del av repertoaret frå denne tida, høyrer i dag til den tradisjonelle engelske, skotske og irske folkemusikken. Med andre ord var det ikkje berre komponistane og dei profesjonelle musikarane som vart prega av folkemusikken. Folkemusikken vart til ein viss grad også prega av komponistane. Etter kvart vart desse Alehouse sessions så populære at publikum måtte betale inngangspengar. Folk kunne teikne abonnement, og i neste runde vart lokala utbetra på musikken sine premissar, slik at vestleg musikkliv rundt år 1700 hadde skapt dei første konsertsalane utanfor kyrkje eller slott.

I denne konserten gjenskapar Barokksolistene noko av stemninga frå pubane i London på 16-og 1700-talet. Menyen omfattar folkeleg, forførande, gripande og festleg song og musikk, akkompagnert av snakk, humor - og sjølvsagt øl!

”A house of sinne you may call it, but not a house of darknesse, for the Candles are neuer out, and it is like those Countries farre in the North, where it is as cleare at mid-night as at mid-day.” John Earle, micro-cosmographie: Or a Peece of the World Discovered (1628)

The whole joyous evening was a liberation, carrying us back to a time when the terms  “classical” and “folk” hadn’t yet been invented, and music was simply music.
— The Telegraph

Bjarte Eike – fiolin, vokal, kunstnarleg leiar
Tom Guthrie – vokal, fiolin
Helge Andreas Norbakken – perkusjon, vokal
Fredrik Bock – gitar, charango, vokal
Hans Knut Sveen – trøorgel, cembalo, vokal 
Johannes Lundberg – kontrabass, vokal        
Steven Player - dans, gitar, vokal
Per T Buhre – fiolin, bratsj, vokal


Laurdag 7. juli kl. 17.00 Barokksolistene - The Alehouse sessions
Storsalen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Aynur

Neste
Neste

Canzoniere Grecanico Salentino