Finn Tokvam & Irene Kinunda Afriyie
Konferansierar på opningskonserten HEIME
Finn Tokvam og Irene Kinunda Afriye skal lose oss gjennom opningskonserten Heime, torsdag 8. juli. Førstnemnde er utvandra frå Flåm, men har slege seg ned i Bergen truleg for godt. Humoristen, journalisten og mediemannen Tokvam er ei kjend radiorøyst, kanskje mest kjend i tospann med musikkgeniet Bård Ose i P2-programmet P.I.L.S. - Pils Ispedd Litt Sladder; han er eit sentralt medlem i pop-moro-bandet Finn Erix saman med NRK-kollega Halvor Folgerø. Desse to leia gallakonserten på Førdefestivalen i 2014. Finn Tokvam leverer godt i kategorien intelligent humor, og vi gler oss til å sjå han på scena igjen i Førdehuset.
Irene Kinunda Afriye mista foreldra som liten, og kom til Norge frå Kongo åleine, 16 år gamal. Då hadde ho vore på flukt i eige land i 8 år, 2 av dei i flyktningleir. Ho kom til Bergen, og i løpet av åra som følgde, har ho vorte godt integrert i det norske samfunnet og ei viktig stemme særleg for innvandrarkvinner. I heimlandet Kongo var ho omgjeven av sterke kvinner. Og i Norge har Irene Kinunda Afriye leitt etter kvinnelege førebilete, gjerne innvandrarkvinner. Til slutt vart dette tema for masteroppgåva ho leverte i 2018 på NLA Høgskolen. Irene Kinunda Afriye har vore med i Fargespill i mange år ho er ei tydeleg stemme i media og har ved fleire høve samarbeidd med Finn Tokvam om konferansier.
Konsertar:
Torsdag 8. juli kl. 20.00-21.30
OPNINGSKONSERT: HEIME
Idrettshallen, Førdehuset