Erlend Viken & Erik Sollid

 

Foto: Knut Utler

Duo for ein kveld

Erlend Viken frå Oppdal kjem frå ei stor musikarslekt og har spelt fele frå han var rundt 6 år gamal. Folkemusikklinja på Vinstra vgs vart etterfølgt av musikkstudier på Norges musikkhøgskole, med fokus på fele og hardingfele. Viken har i mange år samarbeid med mange andre musikarar, og i 2009 gav han ut plata Duo saman med Aslak Brimi. Han har gjeve ut to plater - Frie tøyler og Nykomlingen - med sin eigen trio og er også sentral i gruppa Earlybird Stringband. I tillegg er han ein solid solo-spelemann, og ein viktig formidlar av folkemusikktradisjonane frå heimtraktene sine.

Erik Sollid er nok mest kjend for folk flest som makkeren til Tuva Syvertsen i folkrockbandet Valkyrien Allstars, men mange har også fått med seg at han er ein særs habil solospelemann. Akkurat som Tuva Syvertsen, har Erik Sollid kome inn i folkemusikken gjennom Bærum Spelemannslag, og grunnleggaren av spelemannslaget, Hallvard Kvåle, var den fyrste læremeisteren og inspiratoren hans. Seinare har han lært av meistrar som Hauk Buen og Per Anders Buen Garnås. I tillegg til dei fem platene Valkyrien Allstars har gjeve ut, har Erik Sollid medverka på rundt 20 utgjevingar som gjesteartist.

Erlend Viken - fele, hardingfele
Erik Sollid - hardingfele

 


Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 22.30-00.15
Columbi Egg
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
Forrige
Forrige

Camilla Granlien

Neste
Neste

Finn Tokvam & Irene Kinunda Afriyie