Camilla Granlien

 

Kurs og konsert

Camilla Granlien er frilansmusikar og bur på Lillehammer. Ho har master i tradisjonskunst og har gått i djupna på songtradisjonen frå Gudbrandsdalen, særleg songmaterialet etter Kristian P. Åsmundstad, Ringebu og Jarnfrid Kjøk, Lom/Oslo. Ho har ei fortid som lærar ved vidaregåande skule, og har også hatt elevar ved Norges musikkhøgskole. Som låtskrivar, songar, programleiar og forteljar har Camilla Granlien samarbeidd med mange ulike musikarar og kunstnarar, og er godt kjend frå alle typar festivalar her i til lands.

Granlien har også stått på scena som skodespelar, som til dømes i Peer Gynt-Verdensborger av gemytt (regi Svein Sturla Hugnes), som var på turné både i Europa og til New York. Som folkesongar har jo sjølvsagt gjort det skarpt på kappleikar, og vunne A-klassen på landskappleiken fleire gonger. I 2008 fekk ho Kongepokalen for songen sin, noko ho med rette er stolt over.

I år har ho både songkurs og solokonsert i Førde. Det blir stas!

Konsert og kurs:

9. juli kl. 17.30-18.10

Tett på: Camilla Granlien

Sørsalen, Sunnfjord kulturskule

9. juli kl. 10.00 - 12.00

Songkurs: Camilla Granlien

 
Forrige
Forrige

Busi Ncube Band

Neste
Neste

Erlend Viken & Erik Sollid