Busi Ncube Band
Musikkambassadør frå Zimbabwe
Busi Ncube frå Zimbabwe er busett i Oslo. Sidan ho som 19-åring hadde suksess med søstera sitt band Llanga i Harare, har ho etablert seg som ein av dei leiande artistane i Zimbabwe, og ein viktig ambassadør for dei rike musikktradisjonane i heimlandet. Ho kom til Norge i 2001. Var med i Womens Voice, saman med mellom andre Malika Maakouf Rasmussen og Chiwoniso Maraire*.
Zimbabwe har ein særs rik musikktradisjon, som omfattar fleire språk, rytmemønster, vokaltradisjonar og tallause instrument. Busi NCube er ikkje berre allsidig som musikar, men har også eit ekstremt godt utvikla språkøyre. I tillegg til morsmålet sitt, Ndebele, snakkar ho både Shona, Zulu, Xhosa og Chewa, som alle vert snakka i heimlandet, og i tillegg snakkar ho både engelsk og norsk. Desse gode språkkunnskapane har gjort det mogleg for ho å studere tradisjonar i dei ulike folkegruppene i Zimbabwe, men ikkje minst formidle denne musikktradisjonar til nye grupper både der og i andre deler av verda.
Saman med sitt norske band, har Busi Ncube spelt på ei rekkje festivalar i Norge, og det er med stor glede vi ønskjer ho velkomen til Førde!
*Chiwoniso Maraire (1976-2013) var med i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt i 1995.
Busi Ncube, vokal, mbira, gitar
Kristin Sevaldsen, saksofon
Antonio Torner, trommer
Gaute Storsve, gitar
Petter Barg, bassgitar
Henrik Mosnes, keyboard