Bjørnblakken

 

Foto: Knut Utler

Rå, dansbar og morosam musikk frå Hedmarken

Gruppa Bjørnblakken vart til då Ole Nilssen og Bjørn Kåre Odde ville utvide duoen sin i samband med at dei skulle spele på Landsfestivalen i 2019. Resultatet vart ein kjempesuksess, og nyetableringa stakk like godt av med den prestisjetunge sigeren i sin klasse. Dermed hadde dei også sikra dansespel på Førdefestivalen i 2020. Den festivalen vart det jo ikkje noko av, så no ønskjer vi Bjørnblakkenvelkomne til årets festival.

Musikarane i Bjørnblakken er alle svært ettertrakta runddansmusikarar frå Innlandet og Trøndelag, og hovudrepertoaret er den elegante storgardsmusikken frå Hedmarken. - Dette er dansbart, dette er rått, og dette er ualminneleg morosamt, seier dei fem musikarane.

I skrivande stund er det lite som tyder på at det blir høve til å svinge seg på dansegolvet dennesommaren, men konsert skal det bli - med den beste gammaldansmusikken du kan tenkje deg

Bjørn Kåre Odde - fele

Ole Nilssen - trekkspel

Ronny Kjøsen - trekkspel

Jon Amund Karusbakken - kontrabass

Geir Byre - gitar

 

Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 20.30-22.00
Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset

Laurdag 10. juli kl. 22.30-23.30

Gammaldanskonsert - Bjørnblakken

Festsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Bergen juniorspelemannslag

Neste
Neste

Busi Ncube Band