Bergen juniorspelemannslag

 

Dei er unge og diggar hardingfele

Bergen juniorspelemannslag er eit spelemannslag med born og ungdom fra 8-19 år i Bergensområdet, som spelar hardingfele. Dette skuleåret har dei vore 25 medlemmer. Dei spelar hovudsakleg slåttemateriale frå Vestlandet, men hentar også slåttar frå andre stadar i landet - og verda. Spelemannslaget øver fast to gonger i månaden og spelar på ulike arrangement - både konsertar og til dans.

Bergen juniorspelemannslag deltek sjølvsagt også på kappleikar og kan vise til mange gode plasseringar. I korona-året har det vore færre konsertar, ja, mindre av alt, så no gler dei seg skikkeleg til å spele på Førdefestivalen for aller første gong!

Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 13.30
Musikk i sentrum:
Bergen Juniorspelemannslag og Småradarane
Torgscena, Elvetorget
GRATIS

Søndag 11. juli kl. 11.00
Festivalgudsteneste
Førde kyrkje
GRATIS

 
Forrige
Forrige

Anders Lillebo Trio

Neste
Neste

Bjørnblakken