Solo Diarra & Ibou Cissokho
Vestafrikanske forteljartradisjonar
Solo Diarra og Ibou Cissokho kjem begge frå vestafrikanske griot-familiar, der historier, musikk og forteljingar vert levert vidare i ein sterk far-til-son-tradisjon. Ibou er son til Solo Cissokho, som døydde i 2019, men som rakk å setje djupe spor etter seg i norsk musikkliv, Ibou spelar også kora, som faren, og kom frå Casamance-området i Senegal til Norge i 2006. Solo Diarra kom frå Burkina Faso til Norge i 2010. Han spelar fleire tradisjonsinstrument, som ngoni, djembe, kora, balafon og kalabash. I tillegg til å vere ein duo, har dei sine eigne band, og i botn for alt dei gjer, ligg eit felles ønskje om å føre vidare musikktradisjonen og historiene dei har fått gjennom sine fedre, og halde griottradisjonen levande. Solo og Ibou brenn for formidling av musikktradisjonane sine til born, og har eit hårete mål om at det skal verte like vanleg for norske barn å ha ein kora som å ha ein gitar heime. Vi heiar på det, og barnehagekonsertane i Sunnfjord er ein god start!