Margit Myhr - SVIV

 

Dans, video og levande musikk

SVIV isolerer og utforskar ei enkelt rørsle frå den norske folkedansen og set den inn i ein ny samanhang der dans, levande musikk og videokunst går saman i ein visuelt samhandlande heilskap. Uttrykket er innovervendt, poetisk og hypnotiserande, og tar publikum med på ei sjeldan oppleving som opnar mange rom også for eigne refleksjonar og opplevingar.

Framsyninga er ein samproduksjon mellom Riksscenen, SPRANG - Landsdelsscene for dans og Margit Myhr, og hadde premiere på Riksscenen i februar 2020.

Margit Myhr - dans, idé og koreografi
Jimmy Meurling - koreografi og regi
Erlend Apneseth - musikk og komposisjon
Stephan Meidell - musikk og komposisjon
Klara Sofie Ludvigsen - video
Fredrik Rysjedal - video
Thorolf Thuestad - lyd
Anna Wingård - kostyme
Ami Petersson Dregelid - dansekonsulent

 

Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 15.00-16.00

SVIV

Teatersalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Mambo Compañeros

Neste
Neste

Med døra på gløtt - Tuva Færden & Kirsti Bakken Kristiansen