Med døra på gløtt - Tuva Færden & Kirsti Bakken Kristiansen

Foto: Ingvil Skeie Ljones

 

Ein konsert i rørsle

Velkomen til ein konsert i rørsle! Denne timen står døra på gløtt til Kristi og Tuva sine ulike folkemusikalske rom.
-Vi ønskjer å arbeide med stemme, rørsle, song og dans, sa dei.
-Kva her de på hjartet, spurde eg.
Og på hjartet hadde dei eit rikhaldig musikalsk repertoar som vart ugangspunkt for vidare arbeid og mange ulike uttrykk. Trallar, viser, salmar, dansar, slåttar, tekstar, stev og arbeidssongar openberra seg, og vi fann mange ulike fargar, temperaturar og landskap. Prosessen med å lage framsyninga har vore spennande og leiken, men også utfordrande både når det gjeld innhald og form. Saman har vi utvikla idear og sett dei i rørsle. Musikk kan jo høyrast med auga og sjåast med øyra? Døra står på gløtt.. Velkomen inn!

- Indra Lorentzen

Kirsti Bakken Kristiansen - vokal, dans
Tuva Færden - vokal, dans, fele, lyre

Produsert av Riksscenen, der framsyninga hadde urpremiere i november 2019.

Idéutvikling, koreografi, musikkarrangement: Kirsti Bakken Kristiansen, Tuva Færden, Indra Lorentzen

Regi: Indra Lorentzen

Kirsti Bakken Kristiansen er ein folkesongar frå Gjøvik som har fordjupa seg i tradisjonsmusikk frå Gjøvik og Vest-Oppland. Ho har ein variert musikalsk bakgrunn, der ho i tillegg til å studere folkesong ved Norges musikkhøgskole, har studert populærmusikk, musikalteater og låtskriving. Opp gjennom åra har ho fleire samarbeid med musikarar frå ulike kulturar og ulike musikksjangrar.

Tuva Færden er fødd og oppvaksen i Oslo. Ho har utdanning frå Norges musikkhøgskole og ballettlinja ved Fagerborg VGS, og er både dansar og musikar. Hovudinstrument er hardingfele, men ho spelar også lyre og syng. Som solist tek ho utgangspunkt i tradisjonsstoff frå Telemark.

Indra Lorentzen er dansekunstnar og har hatt store rollar i klassisk og moderne repertoar. Ho har dansa i nasjonalballetten og Cullbergballetten, og i tillegg koreografert og regissert ulike oppsetjingar mellom anna på Grønland, i Indonesia, Bangladesh, ved Beaivvás Sámi Teáhter og Giron Sámi teáhter. Lorentzen har arbeidd med folkeleg dans gjennom samarbeid med Västanå teater i Sverige og Riksscenen.

 
 
 

Konsertar:

Torsdag 8. juli kl. 18.00-19.00

Med døra på gløtt  

Teatersalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Margit Myhr - SVIV

Neste
Neste

Medi Farmani