Medi Farmani
Farmani er fødd i Khoremshahr i Iran og fann sit livs store lidenskap i maling som 11-åring. Den kunstnarlege utviklinga hans sende han etter kvart på kant med det politiske og ideologiske samfunnet han var ein del av, og 27 år gamal måtte han flykte frå heimlandet sitt. I 1994 kom han til Norge, der han har budd og jobba med måleri sidan.
Medi Farmani ser utviklinga i det kunstnarlege uttrykket sitt som ei frigjering frå meining i måleria, frigjering fråd ei figurative, frigjering frå ideologisk tenkjing og noko slag. Måleri (og song) blier ein måte å uttrykkje smerte og frustrasjon over at ungdomstida og det å leve fritt i sitt eige heimland, vart stole frå han. I dag er det å måle ein slags leik. Han stolar på spontaniteten og vala som kjem naturleg gjennom leik med materialar han har brukt eit liv på å bli kjend med. Livserfaringa har lært han at han må stole på seg sjølv og dei vala han tek.
Dei 10 måleria Farmani stiller ut på Førdefestivalen er bilde han har måla dei siste 5 åra. Kontrast, djupne, balanse, lys o gtålmod er ord han brukar for å omtale bilda.