RIID

Almir Meskovic, Ingrid Jasmin Vogt, Daniel Lazar og Bellali Austria - RIID. Foto: Elisa Bates

 

Balkansk flamenco

Kva skjer om du blandar rytmar frå Balkan, temperamentet i flamenco og det inderlege i nordiske tonar? Dette spørsmålet er utgangspunktet for RIID, prosjektet som forfører, forbausar og går nye vegar. Artistar frå Mexico, Norge, Bosnia og Serbia/Romania har skapt ‘balkansk flamenco’ - eit nytt og spennande uttrykk.

Saman har dei bygd opp ei konsertframsyning som byggjer på folkemusikken frå Balkan, flamenco og norske tradisjonar. På denne konserten får publikum servert det meste - frå det sitrande stille, til eit mektig fyrverkeri av musikk og dans!
 

Almir Meskovic - akkordeon

Daniel Lazar - fiolin

Ingrid Jasmin Vogt - vokal

Bellali Austria - dans  

Konsertar og kurs:

Torsdag 8. juli kl. 20.00

Opningskonsert: HEIME

Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 9. juli kl. 14.30

RIID

Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotell & Spa

 

KURS MED BELLALI AUSTRIA

Laurdag 10. juli kl. 10.00 Flamencoverkstad 5-10 år

Laurdag 10. juli kl. 11.00 Flamencoverkstad 5-10 år

Laurdag 10. juli kl. 17.00 Flamencokurs vaksne

 
Forrige
Forrige

One Way Out

Neste
Neste

SARAH-JANE SUMMERS / JUHANI SILVOLA & SØLVSTRØK