SARAH-JANE SUMMERS / JUHANI SILVOLA & SØLVSTRØK
Slagkraftig og vakker skotsk/nordisk folkemusikk med eit stjernespekka kammerorkester!
Den kritikerroste duoen Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola har samla eit superlag av norske musikarar frå folkemusikk og klassisk til å framføre spennande stryke-arrangement av tradisjonsmusikk og nye komposisjonar. Den skotsk/finske duoen inviterer publikum på ei reise full av overraskingar og musikalske krumspring.
Resultatet er ein orkestral cocktail der rytmen og den fengande melodikken i den skotske og nordiske folkemusikken vert planta i eit klassisk format, med den klanglege leiken frå samtidsmusikken som eit ekstra krydder.
Dei mange sterke solistane i ensemblet vil slå seg lause i denne slagkraftige og umiddelbare musikken som inspirerer både til vill dansing og stille refleksjon.
Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola sine to første plater vart kåra til ‘Top of the World’ av det internasjonale musikktidsskriftet, Songlines, og i mai kjem gjev dei ut si tredje plate, The Smoky Smirr o rain.
Sarah-Jane Summers, fele
Bjørn Kåre Odde, fele
Lise Voldsdal, bratsj
Olav Mjelva, fele
Vegar Vårdal, fele
Mari Giske, bratsj
Kaja Fjellberg Pettersen, cello
Juhani Silvola, gitar
Ellen Brekken, kontrabass
Gregor Riddell, cello
Kevin Henderson, fele
Erlend Viken, fele
Selma French Bolstad, fele