The Kuraybers
Med Europa som dansegolv!
Musikargjengen i The Kuraybers brukar Europa som dansegolv. Dei har ulik nasjonalitet, og møttest i miljøet rundt Norges Musikkhøgskole i Oslo. Saman og kvar for seg er dei grenselause og allsidige når det gjeld sjangrar og stilar. Aller mest kjende The Kuraybers dei for den smittande spelegleda og energien på scena, og måten dei får kontakt med publikum på. Med musikk frå alle tradisjonane dei representerer, er denne gjengen klare til å starte festen, enten dei spelar på ein liten pub, eller i ein stor konsertsal. På repertoaret står ein herleg miks av alt frå folkemusikk, eigne komposisjonar og klassisk musikk til improvisasjonar og jazz. Alt forma av dei glitrande musikarane, til det heilt unike som er deira!
Daniel Lazar (Serbia) – fele
Almir Meskovic (Bosnia) – trekkspell
Greg Miszczyszyn (Polen) – trekkspel
Espen Wensaas (Norge) – gitar
Bjørnar Kaldefoss Tveite (Norge) – kontrabass
Boris Iochev (Bulgaria) – trommer