Steinar Ofsdal
Fløytespelar - og instrumentsamlar
Steinar Ofsdal er ein av dei store formidlarane av musikk og folkemusikk her i landet gjennom over 50 år! Han har spelt på fløytene sine over heile verda, både som solist, i ymse duoformat, trioar, kvartettar og større ensemble. Han har gjeve ut 15 eigne plater og fem med Bukkene Bruse. I tillegg medverkar han på rundt 250 (!!) plater med artistar frå Cornelis Vreeswijk, Lillebjørn Nilsen, Odd Nordstoga og Jan Eggum til Secret Garden, Gatas Parlament, Jahn Teigen og Borknagar, altså ein breidde særs få fløytespelarar kan syne til. Han var også i mange år musikalsk leiar for det internasjonale talentprogrammet på Førdefestivalen.
Steinar har motteke Spellemannprisen tre gonger, i tillegg til ei rekkje andre prisar, som Gammleng-prisen, Egil Storbekkens musikkpris og Hilmar Aleksandersens musikkpris, for å nemne nokre.
Til Morgonstund-konsertane med Steinar tek han med seg ein del av fløytene sine og mange andre instrument - for Steinar har ikkje berre samla på fløyter opp gjennom åra!