Dizzy Mandjeku & Odemba OK All Stars
Kongolesisk rumba - frå motstandskamp til verdsarvstatus
Innanfor den kongolesiske rumbaen er gitaristen Dizzy Mandjeku rekna some i levande legende. Før han vart ein del av den velkjende Orchestre OK Jazz, leia av Franco Luambo Makiadi på 60- og 70-talet, hadde Dizzy allereie starta fleire band i heimlandet.
Då Franco døydde, tok Dizzy over leiinga av bandet ved sidan av namn som Papa Noël, Papa Wemba, Tshala Muana og Verckys vart han ein uerstatteleg del av den kongolesiske musikkfamilien,. Med Mandjeku som musikalsk leiar har Orchestre African All Stars International gjeve ut tre plater, kvar av dei står som pålar i soukous-sjangeren.
Etter at Dizzy Mandjeku flytta til Brüssel, etablerte han Odemba OK All Stars, for å ta vare på den unike og tradisjonelle kongolesiske rumbaen. Seinare har han også samarbeidd med Waldemar Bastos, Sam Mangwana, Zap Mama, Milow, Baloji og Stromae.
Nyvunnen verdsarvstatus
14. desember 2021 vart kongolesisk rumba innlemma på Unesco si verdsarvliste saman med spansk flamenco, portugisisk fado og cubansk rumba. Og I motsetning til det mange trur, kom rumbaen opphaveleg frå Sentral-Afrika med slavane til Amerika. På 1940-talet utvikla kongolesisk rumba seg etter påverknad av cubanske rumba som då hadde kome tilbake til røtene. Den kongolesiske rumbaen er ei blanding av tradisjonelle element og moderne instrument.
Den kongolesiske rumbaen spelte ei stor og samlande rolle for det kongolesiske folket i kampen deira mot koloniherrane utover på 1900-talet. I følgje Unesco, er det nettopp denne politiske sida ved denne musikken som inspirerer så mange artistar over heile verda I dag.
Bolonge-Jomali
Dibwidi Ndombele
Nkalulu-Baend'Afe Lokombe
Lugendo Lutala Malage
Mandjeku Lengo
Mukulu Muindila
ID Ntale Ruhana
Alphonse Bruno Nzau Nlandu Lua Ntueto
Obay Nana Akumu Wakudu
Christopher Daniel