Ebo Krdum

Ebo Krdum - Foto: Olof Grind

 

Musikk-aktivist

Ebo sin musikalske ideologi: Stå alltid på dei fattige si side, hald fram med å skape medvit om saker som må løftast opp. Undervurder aldri krafta i ord og musikk for å skape endring. Støtt alltid dei undertrykte, sårbare og marginaliserte, og velg alltid ikkje-vold som løysing på konfliktar og problem.

Ebo Krdum er ein sudanesisk-svensk sjølvlærd songar, gitarist, artist, skodespelar - og aktivist. Han lagar politisk afrikansk blues og afrobeat som er stødig forankra i fleire musikalske tradisjonar frå området sør for Sahara. Krdum syng på mange ulike språk, og tekstane kretsar rundt rettferd, fred, likskap, mangfald, revolusjon og fridom.

Då han var 6 år gamal oppdaga han at han kunne synge og at han kunne tromme med berre hendene. Han byrja å underhalde folk i landsbyen. Enkelte gonger fekk han ein mynt eller litt snop i betaling. Som 13-åring bygde han sin eigen gitar. Han lærte seg å spele ved å høyre Ali Farka Touré og Boubacar Traoré på faren sin radio eller sjå dei på den einaste TVen i landsbyen. Snart lærte han seg andre instrument som gojo, ngoni, oud, tamboor, trommer, tangent og trefløyte.

Då krigen starta i Darfur i 2003, vart Ebo Krdum ei viktig stemme for den fredelege revolusjonen mot det korrupte og valdelege regimet. Han var ei musikalsk stemme, men var også fysisk aktiv i motstandsgrupper som hadde som mål å styrte diktaturet i Sudan. Etter kvart vart han nøydd til å flykte, og i 2010, som 21-åring, kom han til Sverige.

Krdum har etablert seg som musikar i Stockholm, med eige band av sju handplukka musikarar. På kort tid har han markert seg på konserscena i sitt nye heimland. I september 2021 gav han ut albumet Diversity på eit av Sverige sine mest interessante plateselskap, ‘Supertraditional’, og månaden etter hadde stor suksess på den internasjonale bransjemessa, Womex, i Porto.

Ebo Krdum Trio spelar i Florø, på Vesle Kinn, onsdag. Dagen etterpå spelar han med fullt band på Larris Scene etter opningskonserten.

 

Ebo Krdum - vokal, gitar

SugarRay Napunyi - bass

Anna Möller - fele

Mischa Grind - djembe, shakers

Robin Cochrane - balafon, calebasse

John Runefelt - keyboard

Arsema Asghodom - fele

 

Arrangement

Onsdag 6. juli kl. 20.00 Ebo Krdum Trio

Vesle Kinn


Torsdag 7. juli kl. 20.00 Opningskonsert:
Musikk i kriser

Idrettshallen, Førdehuset


Torsdag 7. juli kl. 22.30 Ebo Krdum

Larris Scene, Scandic Sunnfjord hotell

 

 
Forrige
Forrige

Dizzy Mandjeku & Odemba OK All Stars

Neste
Neste

Elaha Soroor & Kefaya