Murakami/Færden
Luiz Murakami frå Brasil og Tuva Færden frå Norge møtte kvarandre første gong på ein festival i Sveits i 2019. Dei knytte sterke muikalske band. Gjennom pandemien heldt dei kontakt og eit nydeleg musikkprosjekt byrja å ta form.
Musikken deira strekkjer seg frå tradisjonsmateriale til nye komposisjonar inspirerte av fellestrekka mellom den norske hardingfela og den brasilianske rabecaen. To ulike instrument frå ulike kantar av verda, men med ei rekkje musikalske fellestrekk. Saman med ei norsk lyre, ein brasiliansk gitar, ei japansk shakuachi og sine eigne stemmer, gjev dei oss glimt av verda, sett med norsk-brasilianske auge.
Duoen si første plate kjem hausten 2024.
Tuva Færden - hardingfele, lyre, vokal
Luiz Murakami - gitar, shakuachi, vokal