Naaljos Ljom
Folkemusikk møter elektronisk dansemusikk.
Inspirerte av Eivind Groven og Erik Eggen har Naaljos Ljom skapt sitt heilt nye konsept, der oppskrifta er å blande norsk mikrotonal folkemusikk med elektronikk. Anders Hana og Morten Joh trakterer ei rekkje instrument og mange pedalar. Etter fleire år i kvar sine band, fann dei to ei felles musikkinteresse i reinstemming og norsk folkemusikk.
I 2019 presenterte dei første verket dei har komponert i fellesskap, ‘Lur og dekor – i kvardag og dommedag’, for reinstemt orkester på Only Connect-festivalen i Stavanger. Verket vart framført av Stavanger Symfoniorkester, med Morten og Anders som solistar. Opptaket, med Ilan volkov som dirigent, vart sendt både i folkemusikktimen på NRK og i BBC radio.
Til Førde har dei med seg gjestemusikar Rasmus Kjorstad på fele.
Anders Hana - hardingfele, gitar, langeleik, munnharpe, fele
Morten Joh - synth, slåttetromme
Rasmus Kjorstad - fele