Aktuelt
Slik takka Hilde for fylkeskulturprisen
Fylkesordførar! Gode fylkestingsmedlemer og anna godtfolk! Eg er stolt og rørt over å motta Fylkeskulturprisen 2015!
Hilde Bjørkum tildelt Sogn og Fjordane sin Fylkeskulturpris for 2015
Full av kunnskap, med store visjonar og med stor teft, har Hilde Bjørkum bygd opp ein av dei sterkaste kulturmerkevarene i Sogn og Fjordane. Sidan starten i 1990 har Førdefestivalen sett Førde og Norge på festivalkartet.
Fargerikt fellesskap i Førde
Eit mylder av menneske, flest små, frå mange land møtte den som gjekk inn dei opne dørene på Førdehuset førre laurdag.
Gammalgrass og Gro Marie Svidal på FolkJazzScena
Alt no kan du sikre deg billettar til to flotte konsertar på FolkJazzScena etter jul. Den første er med Gro Marie Svidal, som i haust har vore i Tom Karlsrud sitt studio i Lærdal og spelt inn si andre soloplate.
Bornas Verdsdagar i Førde for sjette gong
Laurdag 14. november bles Førdefestivalen i gang Bornas Verdsdagar Førde for sjette gong. Dette er laurdagen då Førdehuset vert fyllt av morosame verkstadar der born i alla aldrar får boltre seg i fargerikt dekorerte verkstadar, og lære mellom anna flamenco, capoeira og felespel av profesjonelle instruktørar.
Tips til julegåver!
Er du på jakt etter julegåver? Kanskje du skal gjere som mange andre, og legge gåvekort på festivalopplevingar under juletreet?
Hekla Stålstrenga tilbake til Førde!
Det var stor stemning då Hekla Stålstrenga spelte på festivalnatta under festivalen i 2014, der desse bilda er henta frå, og torsdag 29. oktober vert det eit varmt gjensyn med bandet som har stor suksess først og fremst med sin versjon av Ole Bremnes si vise Har du fyr, men også andre songar har vorte allemannseige, som Båtbygger Jo og Folketonen.
Vi er dei tusenar som spelar
Europa står framfor ei flyktningekatastrofe det er vanskeleg å fatte rekkevidda av. Korleis møter vi dei tusenar som seglar mot håpet om å overleve?
Førdefestivalen på spansk radio
Den spanske nettradioen Mundofonias er grunnlagt av radioekteparet Juan Antonio Vazquez og Araceli Tzigane, og har i dag 62.5 millionar lyttarar over heile verda. Dei to var tilbake på Førdefestivalen for andre gong i sommar, og har no i september samla intervju og omtalar i eit par program.
-Dette er verre enn vi frykta!
Rykta om at knutepunktordninga stod for fall i det komande statsbudsjettet, viste seg å halde stikk. Med unntak av Festspillene i Bergen og Festspillene i Nord-Norge, har regjeringa valt å stryke den direkte støtta til 13 av i alt 16 knutepunktfestivalar som i dag har knutepunktstatus.
Årets festivalfilm er her!
Då kan du få gjenoppleve nokre av dei magiske augneblinkane på årets festival! Filmen er laga av FeberFilm, som også hadde jobben sist vi laga festivalfilm.
Opplev Bjørgum og Sandén-Warg i Førde 9. oktober
FolkJazzScena opnar hausten med å invitere til konsert med duoen Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg, som er kjende for upolert felespel og uvanlege musikalitet.
Vi sender gratulasjonar!
Medan festivalstaben i Førde har feriert, har andre arrangørar og utøvarar hatt meir enn nok å henge fingrane i, og eit par sentrale folkemusikkarrangement det er verdt å nemne: Landskappleiken som i år vart arrangert på Fagernes 19.-26. juli i samband med Jørn Hilme-stemnet, og Landsfestivalen i gammaldans som gjekk på Lom 5.-9. august.
Festivalstaben er tilbake
No er heile festivalstaben tilbake på plass etter ein lang og god sommarferie. Den første tida tillet vi oss sjølv å suge litt på karamellen etter ein fantastisk festival.
Takk for ein fantastisk festival!
Tusen takk til alle publikummarar, frivillige, samarbeidspartar, artistar, vêrgudar og heile fylket. Takka vere strålande innsats og god støtte frå alle dykk, vart festivalen i år eit eventyr frå start til slutt!
Førdefestivalen i media
Festivalen har vorte dekka av både lokale, regionale og nasjonale medier. Vi har samla ein del av det i ei pdf-fil, og vi legg også ut lenkjer til artiklar og omtalar på nettaviser.
Oppsummering av Førdekonferansen 2015
To hovudtema stod i sentrum for Førdekonferansen 2015: Frivilligheita sin plass i kulturlivet og festivalane si rolle i samfunnet.
Saman under sola i Førde
-Korleis er det når læremeistrane dine døyr? Slik spurde Benedicte Maurseth sin eigen læremeister på hardingfele gjennom 25 år, Knut Hamre i Haarklousalen laurdag ettermiddag.