Artistar 2015
Rajery Trio
Rajery er ein kulturformidlar av rang, som kombinerer eit sjeldan musikktalent med stor innleving og formidlingsevne. Han syng og spelar valiha, tubesitteren som vert rekna som nasjonalinstrumentet på Madagaskar.
Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola
Opplev musikk som byggjer på tradisjonen frå det skotske høglandet, men omfattar også eigne låtar.
Susanne Lundeng
I framsyninga «Nesten ikke helt som før» fortel, dansar og spelar Susanne Lundeng ut sin kjærleik til ein nordnorsk folkemusikktradisjon ho kanskje delvis har funne på sjølv.
Synnøve S. Bjørset & Elin Grytting
På Førdefestivalen gjev Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting folkemusikarane oss to versjonar av konserten «Røysekattrumpa og dei knisande geitene», ein kveldsversjon og ein morgonversjon.
Team GløsTøs
Team GløsTøs er det legendariske spelemannslaget som vart etablert blant studentar i Trondheim i 2004. I år feirar Team GløsTøs 10 år og på denne jubileumskvelden vert det sveitting, drikking og dans for alle penga
Thang Long Water Puppetry
Vietnam har etter kvart fått fleire profesjonelle vassdokketeater; det største er Vietnam National Water Puppetry Theatre, som vart etablert av Ho Chi Min i 1956.
Toto La Momposina
Karismatiske Toto La Momposina er ei levande legende innan afro-colombiansk song.
ULLA PIRTTIJÄRVI & ULDA
Når Ulla Pirttijärvi-Länsmann joikar ulven, eller gumpe som det heiter på hennar samiske dialekt, er det som du høyrer ulven ule og skjelle....
Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek & Roswall
Med si uttrykksfulle stemme vert ho rekna som ein leiande folkesongar i Sverige, og opptrer som solist både innan folkemusikk og i andre sjangrar.
Villniss: Årstidene
Dansegruppa Villniss har skapt eit eige univers i framsyninga «Årstidene». Dei raude sjala dansar av seg sjølv, snøen svevar rundt i springartakt og nordavinden bles frå alle kantar.
Unni Løvlid
Unni Løvlid frå Hornindal er ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, men har i heile sin karriere også arbeidd med samtidsmusikk.